Dette er en meningsartikkel. Den uttrykker skribentens mening.

Nå må Senterpartiet vakna.

Me hadde verkeleg forventa at partiet stod opp for våre primærnæringar både på sjø og land. Det er ein stor skuffelse å sjå at partiet nå stiller opp for kapitalkreftene.

Den saksproblematikken som er på bordet i dag, har sine røter tilbake til 1951, då regjeringa Gerhardsen fekk gjeninnført trålfiske som hadde vore forbydd frå 1936. Tanken bak dette var nok å maksimera uttaket av dei store fiskemengdene i havet, med store trålarar som kunne gå ut og fanga fisk året rundt.

Men denne industrialiseringa av fisket medførte ein stor overkapasitet i fiskeflåten, som bidrog til den økokatastrofen som ramma Barentshavet  og Norskehavet på slutten av 1980-talet, då dei viktigaste fiskeslaga var blitt sterkt overfiska. I 1989 blei alt fisket etter torsk nedstengt og omregulert.

Eit godt system utvikla gjennom fleire hundre år, med fritt fiske for alle blei avvikla.

Trålarane som openbart hadde forårsaka krisa, fekk halda fram med fiske, mens 4200 av kystens befolkning, småfiskarar som ingen trussel var mot ressursane, blei fråtekne sin hevdvunne rett til fritt å skaffa seg ei inntekt av havet med dei tradisjonelle fangstreiskapane dei hadde.

Reint galt bar det av stad då trålarflåten begynte med kjøp og sal av dei store verdfulle kvotane dei hadde til låns av fellesskapets ressursar. Alle veit jo at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Og ikkje nok med det. Trålreiarane fekk nær frie hender til å samla seg så mykje kvotar dei evna!

Dette var og er framleis eit regelrett RAN.  Og heilt utan heimel i norsk lov. RANET var rambukken dei brukte for å ta styringa med norsk fiskeripolitikk.  Kor var våre myndigheter då?

Industrialiseringa med trålfiske har vore eit alvorleg feilskjer. Tråjfiske er den desidert dyraste måten å fanga fisk på, og fordyrar nødvendigvis fisken kollosalt, -tap opp og tap i mente. Trålen fangstar på store mengder småfisk i oppvekstområdet til fisken og drep ned masse yngel og småfisk.

Dette ranet er den største katastrofen og politiske fadesen som har ramma vårt land i fredstid.  Heile vår kystkultur er langt på veg utradert. Og ingen plass har det ramma hardare enn i Finnmark og Nord-Troms, som også blei brent under Den andre verdskrigen. Ranet er ein politisk styrt skamplett på vår nasjon.

Vil Senterpartiet nå setja sin signatur under den endelege fullføringa av dette ranet?    Kva ettermæle vil de få?

For å få tilbake styringa med fiskeripolitikkken, er det ulovlege kjøp og sal av fiskekvotar det første som må avviklast.  Og det må skje NÅ. Det må Senterpartiet vera med på.

Det neste som må avviklast er det ressurskrevjande trålfiske.  Fangstvolumet vil bli langt langt større om ein tek fisken med konvensjonelle passive reiskapnår han som vaksen kjem under kysten for gyting. Det vil bli langt langt billigare og meir klimavennleg. Det vil også gi tusenvis av nye arbeidsplasser i fiskeværa og vidare langs kysten.

Me må forvalta havet med skjønsemd til beste for artenes reproduksjon, utan kunstige grådige profittinngrep.  Først då vil me få maksimalt utbytte av havet.  Det vil bli ein fantastisk vinn vinn situasjon for  kyst-Norge, for ressursar, for klima og for miljø. Og når den unødvendige ulovlege

kvotehandelen blir fjerna, vil folket sjølvsagt også få ein billigare fisk.

Denne veka lyttar me til framlegget av den største habilitetsgranskinga som noko sinne har vore foretatt i Stortinget. Kva tid skal vårt såkalla demokrati bli eit demokrati?