For nokre år sidan starta trålarane med ulovleg kjøp og sal av dei store fiskekvotane dei hadde til låns av fellesskapets ressursar.

Ut over det fekk dei til og med nærast frie hender til å kjøpa og tilrana seg så mykje kvotar dei evna. I kjølvatnet av dette ranet har det utvikla seg eit virvar av ulike kvotesystem, som ikkje eignar seg som grunnlag for framtidig fiskeripolitikk.

I samband med Kvotemeldinga som nå snart skal behandlast, har Stortinget ein gyllen anledning til å avvikla den ulovlege handelen med fiskekvotar. Med eit slag kan dei ta makta over fisken tilbake til folket. For ikkje ein fisk må verta privatisert.

Eit betre og meir rettferdig system for folket, enn gratis fiske-løyve eller -kvote, kan me ikkje ha. Myndighetene kan så «i ro og mak» fordela fisken etter nytt demokratisk system.

Det gjeld framom alt å spela på lag med naturens lover.

Først då vil me få fullt utbytte. Dette gjeld både på land og hav.

Det er også det som vil kunna gi oss ein levande kyst igjen,  flest arbeidsplassar, og mest fisk. Eit anna aspekt som det er uhyre viktig å forstå er at det må aksepterast at folk får ha rett til å livnæra seg av deljobbing i fleire yrke. Det kan gi mange av oss eit rikare og meir variert liv. Slik har det til dømes vore for fiskarbonden i alle år.

Det vil sjølvsagt koma eit økonomisk oppgjer etter dette frisleppet.

Men betre kan ikkje pengane brukast enn til å få orden på fiskeripolitikken. Fisken har i uminnelege tider vore vår største formybare ressurs. Alternativet er å la kapitalen styra skuta i all framtid, og la den utradera dei siste restane av vår kystkultur.