Me hadde verkeleg forventa at partiet stod opp for våre primærnæringar både på sjø og land.  Det er ein stor skuffelse å sjå at partiet nå stiller opp for kapitalkreftene.

Den saksproblematikken som er på bordet i dag, har sine røter tilbake til 1951, då regjeringa Gerhardsen fekk gjeninnført trålfiske som hadde vore forbode  frå 1936. Tanken bak dette var nok å maksimera uttaket av dei store fiskemengdene i det dei trudde var eit «utømeleg» hav, der dei store trålarane kunne gå ut og sopa opp fisk året rundt.

Men denne industrialiseringa av fisket medførte imidlertid ein stor overkapasitet i fiskeflåten, som bidrog til den økokatastrofen som ramma Barentshavet  og Norskehavet på slutten av 1980-talet, då dei viktigaste fiskeslaga var blitt sterkt overfiska. I 1989 måtte dei stengja ned og omregulera alt fisket etter torsk.

Eit godt system utvikla gjennom fleire hundre år, med fritt fiske for alle, blei avvikla.

Noko slikt hadde aldri hendt før. Trålarane hadde openbart skulda. Det naturlege ville sjølvsagt vore å redusera eller avvikla trålflåten.

Men nei, 4200 av kystens «urbefolkning», småfiskarar som ingen trussel var mot ressursane, blei fråtekne sin hevdvunne rett til fritt å skaffa seg ei inntekt av havet med  dei tradisjonelle fangstreiskapane dei hadde.

Reint galt bar det av stad då trålarflåten begynte med kjøp og sal av dei store verdfulle kvotane dei hadde til låns av fellesskapets ressursar. Alle veit jo at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Og ikkje nok med det.

Trålreiarane fekk nær frie hender til å samla seg så mykje kvotar dei evna!

Dette var og er framleis eit regelrett RAN.  Og heilt utan heimel i norsk lov. RANET var rambukken dei brukte for å ta styringa med norsk fiskeripolitikk.

Dette ranet er den største katastrofen og politiske fadesen som har ramma vårt land i fredstid.  Heile vår kystkultur er langt på veg utradert.  Og ingen plass har det ramma hardare enn i Finnmark og Nord-Troms, som også blei brent under Den andre verdskrigen. Ranet er ein politisk styrt skamplett på vår nasjon.

Kor var våre myndigheter då? Og kor er dei nå?  Vil Senterpartiet nå setja sin signatur under den endelege fullføringa av dette ranet?   Kva ettermæle vil Senterpartiet då få?

Tråling er den desidert dyraste måten å fanga fisk på.

1.      Trålreiaren må inn med 30 innsatsfaktorar for kvar faktor han tek ut. Så her skal det store mengder fisk eller subsidiar til for å gå i pluss.

2.      Trålaren går langt til havs og brukar 4 til 6 gonger så mykje diesel pr kilo fanga fisk som det sjarken brukar.

3.      Trålaren må ha 5 gonger så mykje fisk pr arbeidsplass som det sjarken må ha.

4.      Trålaren fangstar i oppvekstområdet til skreien på vel halvvaksen fisk. (det vil seia fisk som vaksen ville gå under kysten  for gyting).

5.      Trålen pløyer opp botnen og raserar alle korallrev (husa til fisken).  Korallrev som gjerne brukar minst hundre år på å bli restituerte (om dei får vera i fred).

6.      Trålen drep store mengder yngel og småfisk.

7.      Trålaren er avhengig av store mengder subsidiert diesel for å få lønsemd.

8.      Når tråldørene pløyer opp botnen blir det sleppt ut store mengder CO2. Eit internasjonalt forskarteam leia av Enric Sala påviste i 2021 at våre årlege utslepp anslagsvis var 26,1 millionar CO2-ekvivalentar, omtrent like mykje CO2 som frå all norsk innanlands industri, bergverk, vegtrafikk, luftfart, sjøfart og anleggsmaskiner som hadde til saman 27,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar utslepp.

9.      Trålen er i prinsippet ein rovreiskap som fangar alt, og som aldri kan gjerast tilfredsstillande selektiv.

10.    Trålfiske må utfasast både nasjonalt og globalt, jo før jo betre.

 FNs forskningsrapport; «IN  DEAD  WATER» som kom i 2008, fastslår at trålen er den verste fiskereiskapen som blir brukt i havet. Rapporten tilrår FNs Generalforsamling å forby trålfiske i heile verda.

Som den store fiskerinasjonen me er bør me føla ansvar for å arbeida for eit nasjonalt og globalt forbod mot tråling. Det vil kunna bli ein vinn vinn situasjon for verdens matvareforsyning.

Får det halda fram som nå vil våre fiskeressursar vera styrde av nokre få styrtrike oligarkar for all framtid.  Ikkje ein fisk må privatiserast. Ressursane tilhøyrer folket, og skal forvaltast av dei som bur ved kysten.

Me skal også skriva oss bak øyra at i dag har me ei oppdrettsnæring som langt på veg har øydelagt villaksen og livet elles i våre fjordsystem.

Det er gjennom kjøp og sal av fiskekvotar kapitalen ulovleg og frekt utøver si makt, eit uærleg knep for å oppnå eiga vinning. Dette har vore til uboteleg skade for tusenvis av folk i mange tiår.

Slik kan me ikkje ha det. Kystens folk må få fisken tilbake. I staden for sentralisering og avvikling av fiskemottak må det opprettast masse nye mottak kor fiskarane kan få levert fisken. Berre slik kan me gjenoppretta ein levande kyst.

For å få tilbake styringa med fiskeripolitikkken,  er det ulovlege kjøp og sal av fiskekvotar det første som må avviklast.    Og det må skje .

Det må Senterpartiet vera med på!

Det neste som må avviklast er det ressurskrevjande trålfiske.

Fangstvolumet vil bli langt langt større om ein tek fisken med konvensjonelle passive reiskap når han som vaksen kjem under kysten for gyting.  Det vil bli langt langt billigare og meir klimavennleg. Det vil også gi tusenvis av nye arbeidsplassar.i fiskeværa og vidare langs kysten.

Og dette vil garantert kunna bli frie attraktive arbeidsplassar i vårt etter kvart byråkratiserte samfunn. Ingen har sett og målbore dette klårare enn Ottar Brox, som såg på trålfiske som å skyta spurv med kanoner.

Me må forvalta havet med skjønsemd til beste for artenes reproduksjon, utan kunstige grådige profittinngrep.  Først då vil me få maksimalt utbytte av havet.  Det vil bli ein fantastisk vinn vinn situasjon for  kyst-Norge, for ressursar, for klima og for miljø. Og når den unødvendige ulovlege kvotehandelen blir fjerna, vil folket sjølvsagt også få ein langt, langt billigare fisk.

Kva tid skal vårt såkalla demokrati bli eit demokrati?